Bjørn West-marsjen 2010
Bjørn West-marsjen (til minne om hendingane i Masfjordfjella mot slutten av andre verdskrigen) har vore arrangert kvart år sidan 1983, og har mange trufaste deltakarar.
Ein startar frå Matre som ligg ved E39, om lag 85 km frå Bergen og 25 km frå Oppedal. Frå Matre går det kontinuerleg bussar til Litle-Matre-stølen, som er startstad for den 15 km lange turen som går gjennom vakkert fjellterreng fram til Stordalen Fjellstove.
Bjørn West-marsjen er til minne om hendingane i Masfjordfjella mot slutten av andre verdskrigen, og marsjruta er lagt forbi mange av dei historiske stadene der Bjørn West-soldatar heldt til og kjempa mot dei tyske okkupantane.
Meir informasjon om Bjørn West finn du på Bjørn West-museet sine heimesider.
Logg inn eller opprett brukerkonto for å kommentere.




