Turmål: Lom - Storskardet
Fin trimtur med flott utsikt!
Ved setervegen som går frå Garmo opp til Tesse parkerar du ved vestenden av Svarttjønn - ved det høgaste punktet på vegen. Følg stigen rett nordover i gjennom tett skog til du kjem til vestenden av Krosstjønn. (Det er ikkje samanhengande stig her. Der stigen svingar austover må du svinge nordvestover. Litt nede i skogen ved ei markert myr skal du finne ein ny stig som er lett å følge.)
Når du kjem til vestenden av Krosstjønn (like vest for hytta) finn du ein stig som går nesten rett vestover - denne kan du følge til du kjem til Storskardet. Der har du ei storslagen utsikt over Garmo og Vårdalen. Turen er knapt 2 km.
Det er også fint å gå frå turmålet ved Geitryggen.
Logg inn eller opprett brukerkonto for å kommentere.




