Akershus Aust-Agder Buskerud Finnmark Hedmark Hordaland Møre og Romsdal Nord-Trøndelag Nordland Oppland Oslo Rogaland Sogn og Fjordane Sør-Trøndelag Telemark Troms Vest-Agder Vestfold Østfold

Turmål: Lom - Geitryggen

Geitryggen
Bilde lastet opp av: Svein Garmo
Rutebeskrivelse:

Fin tur både som trimtur og lett familietur.
Som trimtur er det fint å starte der setervegen tek av frå RV15 i Garmo, like ved Skogheim Kafé og Kvila Turistheim (Vegen er skilta til Brimi Fjellstugu). Følg denne setervegen i ca 200m til vegen svingar til venstre. Der svingar du inn ein stig til høgre, skilta med "opp Brekka". Dette er ein fin og delvis merka stig som går bratt oppover skogen - ca 800m. Der kjem du opp på setervegen der denne tek ein bratt sving - der svingar du inn på stigen til høgre - og følger denne i 100m. Kryss setervegen - på skrå til venstre og du kjem inn på ein fin gammal seterveg. Følg denne oppover eit par hundre meter - og der har du turmålet ved ei grind! Turen er ikkje lang, berre knapt 1,5 km, men du stig 300 høgdemeter.
Som familietur er det fint å berre gå den siste delen av denne turen - frå der du kryssar vegen.
Du kan også følge vegen vidare etter turmålet til du kjem på setervegen att - dersom du går denne nedatt har du ein fin rundtur.
Frå turmålet ved Geitryggen kan du gå rett austover til turmålet på Storskardet. Det er delvis stig det meste av turen.

Full kartvisning

Logg inn eller opprett brukerkonto for å kommentere.

Mer informasjon om turen

Antall km:
6
Høyde over havet:
695m
Vanskelighetsgrad:
Kategori 2
Bookmark and Share
Dagbladet

Søk etter turmål/turtips nær deg
Velg blant fylkene
Lukk
Finn turmål