Turmål: Fjell - Spjeldsfjellet
Parkeringsplass ved Ågotnes skule - Spjeldsfjellet: 2,7 km
Frå Nordsjøløypeskilt (før Kårtveit) - Spjeldsfjellet: 1,7 km
Dersom du parkerer ved Ågotnes skule, kryssar du FV 211 og fylgjer FV 210 1 km i sørleg retning mot Kårtveit på gang og sykkelstig før du kjem fram til NL-skiltet på venstre sida av vegen. Du går største delen av strekninga med utsikt til Skulehusvatnet på venstre hand. Eit alternativ er å køyra på FV 210 til du kjem til parkeringsplass (med avgrensa kapasitet) på venstre side av vegen, om lag 70 meter før NL-skiltet.
- Frå NL-skiltet går du om lag 200 meter gjennom lett terreng med lynghei langs søre enden av Skulehusvatnet før du er framme ved Ågotneselva.
Du kjem her inn på stigen som frå gammalt av var ferdselsveg mellom bygdene Kårtveit og Ågotnes.
- Etter å ha kryssa elva, går du først gjennom lynghei, sidan gjennom høgvaksen sitkagranskog, før du kjem fram til den noko våte og bratte oppstiginga; Moldstegen. (Skulehusvatnet hadde før gamle Kårtveit skule vart bygd, namn etter stigen, og heitte då Moldstegvatnet.)
Etter å ha forsert oppstiginga, nådd høgdedraget og lagt bak deg ytterlegare 200 meter etter kryssing av Ågotneselva, tek du av til høgre frå den gamle ferdselsvegen mellom bygdene Kårtveit og Ågotnes.
- Her går du vidare 400 m gjennom ope og for det meste berglendt terreng omgitt av lynghei, over Sætrehaugen og vidare med Sætretjørna på venstre hand, før du tek av til høgre og held fram oppstiginga i sørleg lei mot Spjeldsfjellet.
(Dersom du tek til venstre ved vegskiljet, kan du fylgja turstig i nordleg lei til RV 561 og vidare på gang-og sykkelstig attende til parkeringsplassen ved Ågotnes skule.)
- Etter å ha lagt bak deg ein noko våt strekning på om lag 600 m med lett motbakke gjennom lynghei, er du framme på Orrhaugen. Her er det sett opp ein varde omgitt av ei steinrøys. Nede i steinrøysa finn du ei turbok. Haugen har ikkje noko imponerande høgd over havet, men tek det att i eit vidt utsyn.
- No gjenstår siste etappen på om lag 300 m med aukande stigning, før du er framme ved skiltet på høgste punktet på Spjeldsfjellet, 165 m.o.h.
"Kjært barn har mange namn": Toppen vert på kartet kalla Varden. Innbyggjarane på Ågotnes kallar toppen Hjeltavarden. Dette fordi du har utsyn mot Hjeltefjorden . Innbyggjarane på Spjeld kallar toppen Spjeldsvarden.
Her har Nordre Fjell Friidrett plassert ut turmål.
- Dersom du går om lag 100 m vidare på stigen, kjem du til ein ny topp som er nokre meter lågare enn Varden. Her finn du ei turbok.
Til å vera eit fjellparti som ikkje ragar meir enn 165 m.o.h., har du frå Spjeldsfjellet eit imponerande utsyn i alle himmelretningar.
Som før nemnd, kan du på returen i staden for å ta til venstre når du kjem til Sætretjørn, halda fram på turstig i nordleg lei mot Ågotnes og RV 561.
Her han du gå på vidare på gang-og sykkelstig attende til parkeringsplassen ved Ågotnes skule.
Logg inn eller opprett brukerkonto for å kommentere.





Arne Kleppestrand
Turlengde
Turlengda bør vel reknast tur-retur, slik at det vert 5,4 km og ikkje 2,7 km.