Akershus Aust-Agder Buskerud Finnmark Hedmark Hordaland Møre og Romsdal Nord-Trøndelag Nordland Oppland Oslo Rogaland Sogn og Fjordane Sør-Trøndelag Telemark Troms Vest-Agder Vestfold Østfold

Turmål: Fjell - Haganesfjellet

Utsikt mot øst
Utsikt mot Bergen fra Haganesfjellet
Rutebeskrivelse:

Frå Fjell kyrkje køyrer du i sørleg retning på RV 555, tek av til venstre når du kjem til vegkryss skilta Haganes og Tellnes og køyrer om lag 2 km på fylkesveg 204 før du er framme ved skilt merka Liatårnet og Indrafjellet.

Skiltet står på venstre side i sving på vegen ned mot busetnaden på Haganes.

Køyr om lag 50 meter vidare mot Haganes og inn til høgre. Her finn du parkering.

Stigen du tek inn på frå skiltet, er ein del av to nordsjøløypestrekningar: i vestleg; retning mot Tellnes (gammal skuleveg), og i nordaustleg retning; mot Indrafjellet, Liatårnet og Bjørkedalen.

Etter om lag 40 meters gange frå skiltet, tek du av til høgre.

Du går først over ein liten bekk, deretter opp eit etter måten bratt dalføre langs elva frå Kattatjørna før landskapet opnar seg, og du kjem fram til vegskilje; Bjørkedalen og Indrafjellet. Du har no lagt bak deg 320 meter.

Ved vegskilje tek du til høgre, går over ein fjellrygg, først i slak motbakke og deretter i slak unnabakke på høgre sida av eit vatn. Du kan og gå nede i dalføret. Etter å ha lagt bak deg nok 670 meter, kjem du til eit vegskilje mot høgre der terrenget skrånar bratt ned mot Haganes.

Du fortset rett fram og tek i nordleg retning opp ein bakke med moderat stigning. Fyrst gjennom granskog, sidan gjennom stort sett tørt og berglendt terreng opp Brattestigen. På toppen av bakken tek du til høgre og kjem opp på eit fjellplatå. Du har no lagt bak deg 1 kilometer, nådd 160 moh. og har utsyn mot Brattestigvatnet og Indrafjellet.

Deretter går du i austleg retning over ei blaut myr langs søre enden av vatnet.

Etter å ha kryssa myra, tek du til venstre og går i nordleg retning langs vatnet og foten av Indrafjellet, opp ein slak bakke og gjennom eit skar.

Du ser no nedover eit trangt dalføre som skrånar i nordaustleg retning mot Liaskjeret.

Her tek du til høgre, går nokre hundre meter i austleg retning før du igjen tek til høgre og føl i sørleg lei langs fjellryggen fram til toppen av Indrafjellet som ligg på 232 moh. Du har no lagt bak deg 1,5 km.

Her har du eit imponerande utsyn til ikkje å vera i større høgd over havet; mot Sunnhordland i sør, Hardanger, Folgefonna, Hardangerjøkulen, Flesland flyplass og byfjella i austleg lei, Nordsjøen med Løno lengst ute i vest.

Dersom du ynskjer å dokumentere at du har vore på toppen av Indrafjellet, så finn du turbok nokre meter på sørsida frå høgste punktet under ein benk.

Tur / retur Haganes - Indrafjellet / Haganesfjellet er på 3 km.

Turen er lett, men går enkelte stader gjennom vått terreng

God tur!

Full kartvisning

Logg inn eller opprett brukerkonto for å kommentere.

Mer informasjon om turen

Antall km:
3
Høyde over havet:
232m
Vanskelighetsgrad:
Kategori 2
Bookmark and Share
Dagbladet

Søk etter turmål/turtips nær deg
Velg blant fylkene
Lukk
Finn turmål